Å leige ein liten lagringsplass er praktisk og billeg
Enten du treng ein stad å oppbevare dine personlege eigedeler eller lagre noko for bedrifta, har vi sikkert noko som passar for deg.
+47 400 56 200

Kvifor velge oss?

1
Komfort
Vi tilbyr praktiske og trygge oppbevaringsmuligheter for ulike gjenstandar
2
Personlig oppfølging
Vi er tilgjengelege og du kan alltid kontakte oss dersom du treng hjelp.
3
Personvern
Vi sikrar personvern og sikkerheit for både kundar og eigedelar.
4
Beleilig plass
Sentral plassering og enkel tilgang.

Vårt forslag

Velg lagerstorleik.. Vi har totalt 22 lagerrom. Storleik fra 1,8 m2 til 9,4 m2. Høgda er på omlag 2,5 meter. Så stabler du godt så er det utruleg kor mykje du kan få plass til i ei lita bod.
  • 1.8
  • 1.8
  • 2,2
  • 3
  • 3
  • 3,2
  • 3.3
  • 3,5
  • 3,7
  • 4
  • 4,4
  • 4,5
  • 7
  • 9,4
Storleik: 1.8
Pris per månad: 490 NOK
Lengde: 0.8 m
Bredde: 2.25 m

Kontakt oss

Pro-Nor Utvikling ASIvar Åsengata 46150 Ørsta
Tilkomst 9:00 - 22:00
ofte stilte spørsmål
Treng eg eiga forsikring?
Vi har ikkje eiga forsikringsdekning på det som lagrast. Sjekk om du har dekning for fjernlagring på di eiga innboforsikring? Dersom ikkje kan du utvide forsikringa di til å dekke dette. Alternativt må du ta risikoen sjølv dersom skade eller tap oppstår.
Er det mulig å leige andre storleikar?
Vi har kun dei storleikane som viser på nettsida. Har du behov for større kan det være mulig å slå saman fleire. Ta kontakt med oss, så skal vi gjere vårt for å finne ei god løysing..
Er der straumuttak på lagerrommet?
Lagerromma våre har ikkje straumuttak.
Korleis låser eg lagerdøra?
Når du skal starte lagringa så heng der ein hengelås med kode på handtaket. Du må sjølv kode denne. Ingen andre enn den som har koden kan få tilgang til
Korleis seier eg opp og avsluttar leigeforholdet?
Du kan seie opp leieavtalen med å sende ein mail til oss, eller ringe oss direkte. Vi må ha motteke di oppseiing innan den 15. den månaden du ønsker å flytte ut. Når du har sagt opp minilageret ditt så disponerer du boda fram til den siste datoen i månaden. Du må tømme boda og levere tilbake låsen innan den første i påfølgande månad.
Kan eg byte lagerbod dersom eg treng meir eller mindre plass?
Det er ingen administrative kostnadar ved å bytte lagerbod, og du kan bytte til ei større eller mindre lagerbod når du måtte ønske det. Det forutset at vi har storleikar ledig. Ta kontakt med oss dersom du ønsker å bytte lagerstorleik.
Korleis betaler eg for lageret?
Lagerleiga skal betalast forskot fra månad til månad, til du seier opp leiegavtalen. Du mottek ein faktura for omgåande betaling ved innflytting. Deretter mottek du faktura for betaling på mail 5 dagar før forfall.
Korleis verkar adgangskoda?
Vi sender adgangskoda på SMS etter at du har signert kontrakta. Sjå gjennom dine meldingar. Dersom du gløymer adgangskoda kan du kontakte oss og vi sender deg ei ny.
Når har eg tilgang til lageret?
Minilageret er tilgjengeleg mellom 07.00 og 22.00 kvar dag heile året. Du vil få di personlige adgangskode til hovedinngangen.
Kor lenge kan eg leige?
Leigeperioda går frå månad til månad til du seier opp avtalen. Det er ingen maximum leigeperiode.
Når kan eg flytte inn på lageret?
Etter du har oppretta ei leigekontrakt med oss så kan du flytte inn på lageret same dag. Du har tilgang til minilageret mellom 07.00 og 22.00, og du flyttar eigedelane dine inn i minilageret sjølv, eller ved hjelp av ett flyttebyrå, eller andre som kan hjelpe deg å flytte. Før kontrakta vert signert vert det tatt ein obligatorisk kredittsjekk.
Korleis flyttar eg inn på lageret?
Du får tilgang til lageret med bruk av personleg adgangskode. Lageret ligg i underetasja. Lette ting kan du ta via trappa. Der er også ei lasterampe med innlasting fra Webjørn Svendsensgate (mot Alti ). Denne kan opnast fra innsida. Inne finn du jekketralle, sekkejul og varetralle for transport til minilageret. Du finn instruks om bruk av lasterampa ved kontrollkonsollet.